I samband med etableringa av Favna Sogn, er det ei glede å invitere til ei inspirerande, lærerik og anleis samling.
Du får møte Roger Finjord og Åshild Mongstad – ein slagkraftig duo av formidlarar som du absolutt ikkje vil gå glipp av! Det blir sterke historiar, treffande bodskap og humoristiske vinklingar. Me spinner rundt stikkord som rausheit, lagkjensle, refleksjon og tryggleik, med fokus på den gode relasjonen.
Denne samlinga passar for deg som:
🔸 kjenner at tematikken treff, og ønskjer å utvikle eigne relasjonelle ferdigheiter
🔸 treng å stoppe litt opp i kvardagen
🔸 er nyfiken på Favna Sogn
Arrangementet er gratis, og kostar kun godt humør og fine smil gjennom dagen!
Program:
Kl. 11.00: Oppstart og lunsj
Kl. 12.00: Åshild Mongstad – På tide å stoppe opp
Kl. 14.00: Roger Finjord: Følelsen av å høre til…!
Kl. 16.00: Kick-off avsluttast
Kl. 16.00 – 18.00: Afterwork for dei som ønskjer
I dette føredraget inviterer Åshild deg til å stoppe opp og reflektere over ditt leiarskap – både i jobb og kvardag. Med utgangspunkt i si bok om leiing, utforskar Åshild korleis refleksjon kan skape meir tryggleik og effektivitet i kvardagen din. Det vert sett av god tid til sparring, gode diskusjonar og erfaringsutveksling rundt bordet.
Åshild Mongstad er lektor på Høyskolen Kristiania. I tillegg er ho leiarvegleiar, føredragshaldar, kurshaldar og forfattar. Ho utviklar potensialet i leiarar ved å fokusere på styrker og det positive i den enkelte. Åshild er også fagleiar for Favna Sogn sitt leiarkurs med oppstart hausten 2025.
Saman med Roger Finjord skal me jakta på det gode laget! Me trur ikkje ein kan finne ein betre person til å snakke om menneskelege relasjonar, det å ta vare på kvarandre og byggje lagkjensle. Roger er engasjert, ærleg og ekte. Med sin kombinasjon av humor og visdom er han viden kjend for å fengje sitt publikum. Han deler humoristiske historier frå sitt liv som idrettsleiar, landslagstrenar og finnmarking, samtidig som han dykker inn i alvoret rundt leiarskap og samspelet mellom menneske.
Stikkord for føredraget er rausheit, viktigheita av å unne, beundre og gi kvarandre eit klapp på skuldra. Humør og seriøsitet går hand i hand i formidlinga, enten det handlar om leiing, identitet, røter eller stoltheit over eigen arbeidsplass. Kva ser me etter i kvardagen, og kva er ditt bidrag?
Roger Finjord er idrettsleiar, tidlegare landslagstrenar for kvinnelandslaget i fotball og ein etterspurt føredragshaldar og mentor. Hans erfaring kombinert med eit ekte engasjement for samspelet og arbeidskulturen sikrar ei føredragsoppleving som styrkar både lagkjensle og individuell motivasjon.
Hiv deg rundt og sikre din plass her